Eiga lov vil gjere det tryggare å leige

25. juni, 2024

— Leigemarknaden er for utrygg for forbrukar, seier Inger Lise Blyverket, som ønskjer regjeringa sitt forslag om ei eiga forbrukarlovgiving for leigemarknadene velkommen.

Inger Lise Blyverket og Kari Elisabeth Kaski på Stortinget.foto
Forbrukardirektør Inger Lise Blyverket og Kari Elisabeth Kaski frå SV. Foto: Helen Mehammer

I samband med revidert statsbudsjett vart det måndag førre veke klart at SV og regjeringspartia vil foreslå ei ny forbrukarlovgiving for blant anna leige av produkt. Dei tre partia ber Regjeringa om å komme med eit forslag om ei forbrukarlovgiving for utleigemarknadene i løpet av våren 2026.

Vi kvir oss for å leige

Det kan vere både økonomisk og miljømessig gunstig å leige framfor å eige. Ein grunnleggjande føresetnad er likevel at det må vere trygt. Mange er redde for at det dei leiger ikkje fungerer som det skal, eller at det skal oppstå problem under leigeforholdet. Det kan vere utslagsgivande for dei låge leigetala, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet.

— Vi veit at mange kvir seg for å leige fordi dei rett og slett ikkje stoler på at dei får dei same grunnleggjande forbrukarrettane som dei har når dei kjøper nye ting. Kva gjer du dersom hekkesaksa du nettopp har leigd går sund og utleigaren krev erstatning, eller om om tilhengjaren ikkje er ledig til avtalt tid, og du blir nekta kompensasjon? Slike bekymringar blir historie, når lovfesta forbrukarrettar i leigemarknaden trer i kraft, seier Blyverket. 

Berre 1 av 3 tek steget

Ei eiga lov for utleigemarknaden er gode nyheiter, for ei undersøking av Forbrukarrådet i samarbeid med Ipsos, viser at det er eit stort gap mellom dei som ønskjer å leige, og dei som faktisk gjer det: Berre 30 prosent av dei som seier dei heller vil leige eit produkt enn å kjøpe det, tek steget og faktisk leiger det.

I éin av kategoriane, «Verktøy og utstyr til hus og hage», svarer 47 prosent at dei kunne tenkje seg å leige, medan berre 5 prosent har gjort det. 

I kategorien «Sport og fritidsutstyr» svarar 42 prosent at dei kunne tenkje seg å leige utstyret framfor å kjøpe det. Her er det berre 4 prosent som har teke steget og signert leigekontrakt. 

Forbrukerrådet følgjer med

Blyverket seier Forbrukarrådet vil følgje opp forslaget om ei eiga regulering av utleigemarknaden. 

— Det er lenge til 2026, men tida for ei lovregulering av utleigemarknaden kan ikkje komme fort nok. Forbrukarrådet kjem til å følgje prosessen tett, og vi vil gjere det vi kan for at styresmaktene held ord, seier ho.

Inger Lise Blyverket.Foto
Forbrukardirektør Inger Lise Blyverket seier Forbrukarrådet vil følgje opp lovnadane til styresmaktene om ny lovgiving. Foto: John Trygve Tollefsen

Forbrukarrådet undersøkte i fjor avtalevilkåra i marknaden for utleige av verktøy, sportsutstyr, klede, tilhengjarar og bil.

Der fekk berre 1 av 30 aktørar full skår. Desse funna gjorde at Forbrukarrådet har kravd ei ny lov som gir forbrukarar lovpålagt vern mot urimelege avtalevilkår hos mange leigeaktørar. Planen er å gjennomføre ei tilsvarande undersøking i år òg.

For å unngå strykkarakter i vilkårsundersøkinga må utleigeverksemdene ha tre elementære forbrukarrettar på plass i avtalane: Retten til prisavslag, erstatning og heving av avtalen dersom leigegjenstanden har manglar og/eller blir forseinka. 

— Stiller ikkje på bar bakke

Dette er reglar som allereie finst i forbrukarkjøpslova, og vegen til ei ny lov for utleigemarknaden treng derfor ikkje å vere lang. Ifølgje forbrukardirektøren kan styresmaktene «låne» delar av eksisterande regelverk i utforminga av ei ny lov. 

— Lovgivar kan gjere tilpassingar til dei marknadene som treng forbrukarvern. Vi stiller ikkje på bar bakke. At til dømes utleiger vil ha både ein rett og plikt til å ordne opp dersom utleigeproduktet ikkje fungerer som avtalt er ein del som enkelt kan leggjast til ei ny lov for utleigemarknaden, seier Blyverket, og legg til:

 — Ei eiga lovgiving for leigemarknaden vil òg gjere det enklare for utleigarane, som får eit standardisert lovverk å følgje og ta omsyn til.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Abonner på vårt nyhetsvarsel Sjekk Forbrukerrådets podcast

Relaterte saker