Advokatordninga til Forbrukarrådet
24. august, 2021
Forbrukarrådet har ei eiga advokatassistansesordning som gjer det mogeleg å føre prinsipielle forbrukarsaker for retten.
Ønskjer du hjelp frå advokatassistansesordninga?
Av ressursgrunnar må vi prioritere dei sakene som vi meiner er av størst tyding for norske forbrukarar. Vi har sett opp nokre kriterium som må vere oppfylt for at vi kan ta saka. Saka må
- ha vore forsøk løyst gjennom mekling med motparten
- om mogeleg ha vore behandla av Forbrukarklageutvalet eller klagenemnd
- i hovudsak gjelde forståinga av regelverket, og ikkje usemje om tvisten sitt faktum
- gjelde rettsspørsmål av prinsipiell karakter
- I desse dagar har vi eit pågåande gruppesøksmål mot innkrevjingsselskapet Riverty. Denne saka tar mykje av kapasiteten til advokatordninga i Forbrukarrådet, noko som dessverre gjer at det er avgrensa kor mange nye saker vi kan ta på oss. Vi ber om at de tar dette i betraktning når de kontaktar oss.
Forbrukarrådet vil kunne opptre som forbrukaren sin prosessfullmektig i domstolane, og vil kunne dekkje heile eller delar av sakskostnadene. Også andre formar for assistanse kan vurderast.
For meir informasjon om advokatassistansesordninga, sjå retningslinjene våre.
Er du involvert i ei sak som oppfyller kriteria nemnde ovanfor? Send ein e-post med ei oppsummering av saka di. Legg gjerne ved sakas mest sentrale dokument, som avtalen som er inngått, rapport på feil, eller dom i forliksråd eller tingrett.