Fire av ti nordmenn kjenner seg lurt i daglegvarebutikken
13. oktober, 2021
Så mange som 41 prosent av norske forbrukarar kjenner seg lurt fordi opphavsmerkinga på matvarer er for dårleg, viser Forbrukarrådet si eiga undersøking. – Sjølvsagt ikkje godt nok, seier Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet.
Forbrukarrådet si YouGov-undersøking om korleis mat blir opphavsmerkt, viser at fleire enn fire av ti nordmenn har opplevd å kjenne seg lurt når dei har handla mat på butikken. Årsaka er at merkinga av opphavsland er for dårleg.
Norsk så langt lageret rekk
Mange forbrukarar ønskjer å handle mat som er laga av norske råvarer, men på grunn av uklar merking kan dei ende opp med kjøt frå Tyskland, blomkål frå Nederland eller salat frå Spania. I mange tilfelle går det ikkje eingong fram av emballasjen kvar produktet kjem frå.
– I nokre tilfelle kan det vere opplyst at […] vi brukar norske råvarer så langt lageret rekk, eller at kjøtet har opphav frå Noreg/Tyskland. Forbrukaren får altså ikkje presis og god nok informasjon om produktet sitt opphav i kjøpsaugneblinken. Det seier Gunstein Instefjord, fagleiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet.
Han peikar på at produkta si plassering i butikkane er med på å skape forvirring.
– Når kjøt frå Norge og kjøt frå Tyskland har identisk emballasje og ligg ved sida av kvarandre i butikkhyllene, endar forbrukarar som ønskjer å kjøpe norsk kjøt, gjerne opp med to ting: feil produkt og ei kjensle av å ha blitt lurt. Fleire produkt er òg merkte med eit norsk flagg og informasjon som til dømes at eit brød er «bakt i Noreg», seier Instefjord, og understrekar:
– Det gjev ikkje forbrukarane informasjon om kvar ingrediensane kjem frå, noko som sjølvsagt er viktig for nordmenn når dei handlar mat.
– Krav om merking må gjelde alle matvarer
Instefjord viser til undersøkinga, der det kjem fram at nær halvparten av forbrukarane (48 prosent) meiner at det er viktig at opphavsland kjem godt fram på pakninga og emballasjen.
Jorun Henriksen, som er leiar i Norges Bygdekvinnelag, etterlyser endringar i regelverket for opphavsmerking.
– Undersøkinga viser at mange forbrukarar er opptekne av å få tydeleg informasjon om kva land maten kjem frå. Krav om merking av opphavsland må difor gjelde for alle matvarer, til dømes brød og bakevarer, og ikkje berre for utvalde produkt slik regelverket er i dag, seier Henriksen.
– Må bli enklare å velje
Ettersom nesten halvparten av norske forbrukarar har kjent seg lurt av for dårleg opphavsmerking, er det tydeleg at den ordninga vi har i dag, ikkje er god nok, meiner Instefjord i Forbrukarrådet.
– Nokre ønskjer biff frå Tyskland, andre vil ha biff frå Noreg – poenget er at det må bli enklare for forbrukarar å ta opplyste val når vi handlar maten vår. No må daglegvarebutikkar og matvareprodusentar lytte til kundane sine og merke emballasjen tydelegare med opphavsland.
– Å skilje kjøtdeigpakkane tydeleg etter opphavsland i ferskvaredisken, slik at dei ikkje ligg hulter til bulter, er ein god start for å unngå mistydingar – før betre merking er på plass, understrekar Instefjord.
Andreas Framnes
Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft
Gunstein Instefjord
Leder for forbrukerpolitikk