Mange studentar opplever ulovleg husleigeauke
25. april, 2025
Éin av fem studentar som leiger privat, har fått husleiga auka meir enn lova tillèt. Snakk med utleigar og klag eventuelt vidare til Husleieutvalget, tilrår Forbrukarrådet.
Forbrukarrådet har fått gjennomført ei undersøking blant 350 studentar for å avdekkje kva utfordringar studentar møter på leigemarknaden. Ikkje overraskande opplever mange at husleiga blir justert meir enn konsumprisindeksen.
– Utleigar kan berre auke husleiga éin gong i året, og då ikkje meir enn konsumprisindeksen. Dessverre veit vi at kunnskapen ofte er låg både hos utleigar og leigetakar, og mange endar opp med å betale meir enn dei skal, seier forbrukarjurist Nora Wennberg Gløersen i Forbrukerrådet.
– Det er også viktig å hugse at husleiga ikkje kan setjast opp det første året. Høgare rente eller andre utgifter gir heller ikkje utleigar rett til å justere husleiga. Utleigar kan heller ikkje komme med krav om betaling for elektrisitet, brensel eller vatn etter at leigeavtalen er inngått.

Du kan rekne ut lovleg auke av husleiga med Statistisk sentralbyrås Husleiekalkulator.
Husleigelova seier også at husleiga berre kan endrast i tråd med konsumprisindeksen kvar tolvte månad. Først etter tre år kan utleigar krevje å få setje opp husleiga til marknadspris.
Spørjeundersøkinga er gjennomført av Norstat i februar 2025 blant 350 studentar som leiger bustad privat.
Bustaden er ofte i dårlegare stand enn lova
I spørjeundersøkinga seier også éin av fem at dei har opplevd at standarden på bustaden var vesentleg dårlegare enn lova.
– Regel nummer éin er å gå på visning før du inngår kontrakt. Om du ikkje har høve til å gå på visning sjølv, sjekk om du kjenner nokon som kan gå dit for deg, seier Nora Wennberg Gløersen.
– Oppdagar du feil eller manglar ved bustaden når du flyttar inn, må du seie frå til utleigar så raskt som mogleg. Du kan krevje at utleigar utbetrar feila. Viss utleigar ikkje fiksar dette innan rimeleg tid, kan du vurdere å krevje avslag i husleiga eller erstatning. I dei mest alvorlege tilfella, til dømes der bustaden ikkje kan brukast lovleg eller det er fare for liv og helse, kan du heve kontrakten og flytte ut på dagen.
Forbrukarrådet tilrår uansett å ta bilete når du tek over.
– Er det spikarhol i veggen, hakk i kjøkkenbenken eller andre synlege skadar eller manglar ved bustaden, bør du ta bilete og dokumentere desse på innflyttingsdagen. I verste fall kan utleigar krevje at du betaler for skadar som var der då du flytta inn.
Låser seg inn utan lov
Utleier kan berre låse seg inn i leilegheita dersom det ikkje er mogleg å varsle leigetakar, og det er ein akutt skade i bustaden. Samtidig seier så mange som éin av ti studentar som leiger at dei har opplevd at dette har skjedd.
– Det kan opplevast som både ubehageleg og skremmande viss utleigar låser seg inn utan å gi beskjed. Her bør ein tydeleg seie frå om at ein skal ha varsel i forkant dersom det er nødvendig å gå inn, seier Nora Wennberg Gløersen.
Kjærasten kan flytte inn
Ein av ti oppgir også at utleigar har sett husordensreglar som avgrensar besøk eller annan vanleg livsførsel, som til dømes kjærastklausular.
– Du har rett til å la kjærasten bu i bustaden saman med deg. Utleiger kan altså ikkje nekte deg å la kjærasten flytte inn. Utleiger kan heller ikkje auke leia fordi kjærasten din flyttar inn, seier Nora Wennberg Gløersen.
– Dessverre er det mange som ikkje kjenner eller følgjer regelverket når dei leiger ut. Det er heller ikkje alltid lett å klage i ein overoppheta marknad der dei fleste er glade for å i det heile ha ein plass å bu.

Øyvind H. Kaldestad
Kommunikasjonsrådgiver – digitale rettigheter og strøm