Misnøgd med ei bankteneste?
Er du ikkje nøgd med banken? Sjekk kva du kan klage på, og korleis du går fram.
Kva kan du klage på?
Dersom banken ikkje leverer i tråd med avtalen, kan du klage. Det kan til dømes vere uautoriserte trekk frå kontoen din, feil renteberekning eller manglande fråråding.
Korleis går du fram for å klage?
1. Klag fyrst til banken
Du må fyrst rette ei skriftleg klage til banken. Bruk gjerne Forbrukarrådets klagebrev.
2. Klag til Finansklagenemnda
Dersom saka ikkje løyser seg ved den skriftlege klaga di, kan du ta kontakt med Finansklagenemnda. Sekretariatet til nemnda gir deg råd både munnleg og skriftleg, og kan hjelpe deg vidare med klaga di.
Nemnda behandlar desse sakene:
- tvistar mellom forbrukarar og bankar, finansieringsselskap, kredittføretak eller fondsforvaltingsselskap.
- tvistar mellom forbrukarar og utanlandske kreditt- eller finansinstitusjonar, som tilbyr tilsvarande tenester i Noreg.
- tvistar mellom forbrukarar og verdipapirføretak når klaga gjeld investeringsrådgiving.