Sjekkliste før du vel forbrukslån
Ofte kjapt og enkelt, men blir fort ein svært dyr affære.
Tenk deg om to gonger før du låner
Kjøp finansiert med forbrukslån, blir ofte mykje dyrare enn du trur. Kjøper du tv med forbrukslån, risikerer du å måtte betale tilbake over dobbelt så mykje som du faktisk har lånt. Har du ikkje pengar i dag, bør du spørje deg sjølv om du verkeleg har pengar til å betale tilbake det du låner i morgon.
Berekn samla kostnad
Før du bestemmer deg for å ta opp eit forbrukslån, bør du i alle tilfelle vere sikker på kva lånet faktisk kostar deg. Du har krav på å få vite kva lånet samla kjem til å koste. Du skal òg få informasjon over kor stor del av kvar innbetaling som er høvesvis avdrag, renter og gebyr.
Be om effektiv rente
Banken pliktar òg å oppgi effektiv rente. Dersom du skal samanlikne tilbodet til bankane, må du samanlikne den effektive renta. I den effektive renta blir alle gebyr og kostnader inkluderte, og det er effektiv rente som gir uttrykk for kor dyrt lånet faktisk er.
Sjekk kva for tilbod du kan få
Sjekk fyrst med daglegbanken din om tilbod. Har du eit godt forhold til banken, vil den truleg kunne gi deg eit vesentleg betre tilbod. I tillegg vil du få betre personleg rådgiving. Undersøk til dømes om du har høve til å låne med sikkerheit i bustaden til ei langt lågare rente. Du bør innhente tilbod frå andre bankar òg.