Like kundefordelar uavhengig av betalingsmåte

27. juni, 2023

Viss du får 1000 kroner i rabatt for å kjøpe eit kjøleskap med kredittkort, så er rabatten i botn og grunn finansiert av andre kundar som ikkje klarer å betale rekningane sine på forfall. Ordninga må gjerast om slik at fordelane også gjeld for bruk av vanleg kort, meiner Forbrukarrådet.

Er du eigar av eit kredittkort er sannsynet stor for at du blir bombardert med ulike tilbod og fordelar du kan dra nytte av – viss, og berre viss du bruker kredittkortet ditt når du handlar varer og tenester.

Lommebok med kredittkort.Foto
Foto: Colourbox

Sårbare betaler for fordelane

Ordninga blir likevel finansierte av bankkundar som ikkje betaler rekningane sine til forfall, og som dermed betaler renter som finansierer fordelane for dei andre kundane.

Det er etisk problematisk, lite berekraftig, og lite samfunnsansvarleg, ifølgje Jorge B. Jensen, fagdirektør i Forbrukarrådet.

— Ordninga slik ho er no, bør derfor skrotast. Kredittkortgjeld er normalt den dyraste gjelda som finst, og representerer ein risiko for økonomien til hushalda. Det er derfor viktig å utvise forsvarlegheit med denne typen gjeld – og i alle fall ikkje stimulere til overbruk, noko tilleggsfordelane kan bidra til, seier Jensen.

Tilleggsfordelar må vere uavhengig av betalingsmåte

Han seier at tilgangen på tilleggsfordelar må vere uavhengig av betalingsmåte.

— Det vil framleis vere fullt ut mogleg for verksemdene å gi rabattar til kundane sine. Forslaget inneber berre at tilleggsfordelane skal vere tilgjengeleg uavhengig av korleis kunden vel å gjere opp for seg. Vi ser det derfor ikkje som eit urimeleg eller drastisk inngrep i marknadene, seier Jensen.

Jorge jensen.Foto
Jorge B. Jensen. Foto: Forbrukerrådet

Omsynet til sårbare må vege tyngst

På tampen av fjoråret var det høyringsfrist på eit nytt lovforslag frå Finanstilsynet, som forbyr tilleggsfordelar som berre kan oppnåast ved at kunden inngår ein kredittavtale eller bruker ein eksisterande kredittavtale.

I høyringsnotatet skriv tilsynet at tilleggsfordelane har bidrege til auka kredittkortvekst, og at marknadsføring av tilleggsfordelar bidreg til at forbrukarar inngår kredittkortavtalar.

Dyrtida tvingar forbrukarar i større grad til å ta i bruk forbrukslån og kreditt for å betale for normalt forbruk. Høge gebyr og gjeldsrenter gjer at norske hushald er meir sannsynlege for å hamne i økonomisk uføre. Oslomet SIFO har i sin siste rapport talfesta at 18 prosent av norske husstandar anten er «ille ute» eller «slitarar».

— Omsynet til økonomisk sårbare forbrukarar som får ei stadig større rentebyrde må̊ vege tyngre enn bortfallet av eventuelle prisrabattar. Folk må sjølv bestemme betalingsmiddel, og eventuelle fordelar bør heller vere tilknytta kundeforholdet – ikkje måten ein betaler på, seier Jensen.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – mat og helse

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker