Her klagar du
Fungerte ikkje det du kjøpte som det skulle? Her finn du informasjon om kvar du kan klage.
Klag først til seljar
Forsøk først å løyse saka med seljar. Dersom de ikkje blir samde, bør du klage skriftleg. Send med kvittering og eventuell annan dokumentasjon. Dette bidrar til å redusere misforståingar, og du kan seinare bevise at du klaga i tide. Hugs å sette svarfrist, og bruk gjerne eit av Forbrukarrådet sine klagebrev.
Ta saka til mekling hos Forbrukartilsynet
Forbrukartilsynet kan mekle dersom du ikkje blir samd med seljar (både næringsdrivande og privatpersonar). OBS! Sjekk først nedanfor at saka di ikkje skal til ei av klagenemndene.
Dersom meklinga ikkje fører fram, kan du ta saka vidare til Forbrukarklageutvalet (FKU). FKU er eit domstolliknande organ som avgjer tvistar i saker som gjeld kjøp av varer, handverkartenester og angrerett. Utvalet kan også avgjere tvistar mellom privatpersonar i saker som gjeld kjøp av varer.
Klag til klagenemnd
Det finst klagenemnder innanfor ei rekkje område. Dersom saka fell inn under ei av desse, må du ta saka dit. Du finn meir informasjon om korleis du går fram på nettsidene til nemndene. Klagebehandlinga er som hovudregel gratis.
Klage på varer og tjenester kjøpt i utlandet
Dersom du du ønskjer å klage på kjøp frå ein næringsdrivande i EU, kan du ta saka til Forbrukar Europa.
Det er store variasjonar når det gjeld klagemoglegheiter i resten av verda. Her er det også viktig å sjekke vilkåra til butikken. Dersom du ikkje kjem nokon veg og har betalt med kort, kan du klage til banken din (sjå meir informasjon nedanfor)
Klag til banken
Du kan også klage til banken du har fått kortet ditt frå dersom du har betalt med kredittkort og seljar ikkje ordnar opp. Kortreklamasjon gjeld ved kjøp av varer og tenester, og omfattar både feil og manglar, forseinkingar, avlysingar, kanselleringar og svindel.
Både Visa og MasterCard har tilsvarande rettar i avtalane sine for debetkort. Ver merksam på at prosessen fram mot refusjon er meir komplisert og klagefristen ofte kortare ved bruk av debetkort.
Bankane bruker ofte ulike omgrep om kortreklamasjon; som reklamasjon, erstatning, tilbakeføring, eller refusjon. Kontakt banken eller sjå nettsidene for meir informasjon om korleis du går fram.